Om Rune Solheim
Eg er i midten av 40-åra, gift og far til to flotte jenter. Er utdanna
allmennlærar, men har jobba i treningsbransjen sidan 2007. Jobbar no for
meg sjølv som personleg trenar og løpecoach i pt-rune.no, og som
onlinetrenar på Naardic.no.
Med ein bakgrunn innan fotball, starta eg å
løpa det året eg vart 30 år. Det starta med ein halvmaraton i Oslo
maraton og har etterkvart blitt lengre løp opp til 24-timar. I starten
av løpekarrieren var målet å springa raskare utan å trena meir, men
etterkvart måtte eg trena meir for å setja nye perser. Dei siste åra har
maraton vore prioritet.
Etter fylte 40 år har alle maraton vore
2.33-2.35, noko som nok føre til at fokuset på maratonpers etterkvart
vert bytta ut med andre løpsopplevingar. Eg brenn for å spre løpeglede
og få løparar til å sjå nytteverdien av å ta vare på kroppen utover
løpinga.
Styrketrening og søvn er to faktorar som eg meinar mange
overser, på grunn av eit hektisk liv og mangel på planlegging.
Så på denne
bloggen kjem eg til å skriva om dette og korleis mitt liv som løpar er.
Så håpar eg dette kan inspirera til diskusjon og til at andre tek gode
valg for å få eit langt løpeliv, men hugs at løping fyrst og fremst skal
vera enkelt og gøy!
Instagram: Ptrune / Mail: rune@pt-rune.no