Om Rune Solheim

Eg er i midten av 40-åra, gift og far til to flotte jenter. Er utdanna allmennlærar, men har jobba i treningsbransjen sidan 2007. Jobbar no for meg sjølv som personleg trenar og løpecoach i pt-rune.no, og som onlinetrenar på Naardic.no. Med ein bakgrunn innan fotball, starta eg å løpa det året eg vart 30 år. Det starta med ein halvmaraton i Oslo maraton og har etterkvart blitt lengre løp opp til 24-timar. I starten av løpekarrieren var målet å springa raskare utan å trena meir, men etterkvart måtte eg trena meir for å setja nye perser. Dei siste åra har maraton vore prioritet. Etter fylte 40 år har alle maraton vore 2.33-2.35, noko som nok føre til at fokuset på maratonpers etterkvart vert bytta ut med andre løpsopplevingar. Eg brenn for å spre løpeglede og få løparar til å sjå nytteverdien av å ta vare på kroppen utover løpinga. Styrketrening og søvn er to faktorar som eg meinar mange overser, på grunn av eit hektisk liv og mangel på planlegging. Så på denne bloggen kjem eg til å skriva om dette og korleis mitt liv som løpar er. Så håpar eg dette kan inspirera til diskusjon og til at andre tek gode valg for å få eit langt løpeliv, men hugs at løping fyrst og fremst skal vera enkelt og gøy! Instagram: Ptrune / Mail: rune@pt-rune.no

Rykk tilbake til start

Av |2023-12-07T17:52:59+01:0011. mars, 2022|

Kva gjer me når "livet" skjer? Når skadar eller sjukdom rokkar ved kontinuiteten, eller når jobben i periodar krev altfor mykje tid, og truar med å øydeleggja formen du har bygd opp over lang tid? I dette innlegget tek eg utgangspunkt i eigne utfordringar dei siste 6 månadene og forsøker å dela tips og finna løysingar.

Ein veteranløpar si historie

Av |2023-12-07T17:54:35+01:0023. februar, 2022|

Min konklusjon er at det er utallige vegar til betre form, og at kvar enkelt bør finna den vegen som gjev mest glede og mestringskjensle.

Gå til toppen