Om Rune Solheim

Eg er i midten av 40-åra, gift og far til to flotte jenter. Er utdanna allmennlærar, men har jobba i treningsbransjen sidan 2007. Jobbar no for meg sjølv som personleg trenar og løpecoach i pt-rune.no, og som onlinetrenar på Naardic.no. Med ein bakgrunn innan fotball, starta eg å løpa det året eg vart 30 år. Det starta med ein halvmaraton i Oslo maraton og har etterkvart blitt lengre løp opp til 24-timar. I starten av løpekarrieren var målet å springa raskare utan å trena meir, men etterkvart måtte eg trena meir for å setja nye perser. Dei siste åra har maraton vore prioritet. Etter fylte 40 år har alle maraton vore 2.33-2.35, noko som nok føre til at fokuset på maratonpers etterkvart vert bytta ut med andre løpsopplevingar. Eg brenn for å spre løpeglede og få løparar til å sjå nytteverdien av å ta vare på kroppen utover løpinga. Styrketrening og søvn er to faktorar som eg meinar mange overser, på grunn av eit hektisk liv og mangel på planlegging. Så på denne bloggen kjem eg til å skriva om dette og korleis mitt liv som løpar er. Så håpar eg dette kan inspirera til diskusjon og til at andre tek gode valg for å få eit langt løpeliv, men hugs at løping fyrst og fremst skal vera enkelt og gøy! Instagram: Ptrune / Mail: rune@pt-rune.no

Terskeltrening = suksess?

Av |2024-02-27T08:09:43+01:0020. februar, 2024|

No er me komen godt ut i februar og eg har gjennomført min fyrste januarkonkurranse nokonsinne. Planen var ein kontrollert [...]

Berlin maraton 2023

Av |2023-12-07T17:37:18+01:0029. september, 2023|

"I løpet av denne perioden plukkar eg opp at Kipchoge har vunne for Berlin maraton for 5. gong. Heldig er [...]

Eventyret i Budapest

Av |2023-12-07T17:42:46+01:005. september, 2023|

Her kjem historia om eit eventyr i Budapest! Fullt av opplevingar, stemning og møte mellom likesinna menneske frå 33 ulike [...]

Paris Maraton i sikte

Av |2023-12-07T17:45:33+01:002. mars, 2023|

Skal du springe ein maraton i vår? Her er mine tips til nøkkeløkter og framgangsmåte – som også nytjar om du heng litt etter den opprinnelige planen din.

Tittel

Gå til toppen