Siste helga i juni spring eg aller mest for alle som kjempar kampen mot kreft, og litt for alle med dårleg vurderingsevne i valg av favorittlag.

Lita tru

Då favorittlaget mitt, Tottenham var i ferd med å tippa under nedrykkstreken i starten av april, skreiv eg ein sms til min tidlegare fotballtrenar i Årdal, og sa eg skulle gjera eit nytt forsøk på strekninga Tønsberg-Lærdal dersom Tottenham klarte berga seg i Premier League.

To veker etterpå kom ny manager inn, og Tottenham redda plassen med eit nødskrik i siste runde av serien. Dermed er det berre å snøra på seg skoa. For å gjera turen ekstra mentalt tung, tek eg med meg ein Arsenal-supportar som syklande support. Neidå, onkel var også med på forrige tur og er flink til å holda humøret oppe.

Forsøkt det før

I 2019 kom eg meg til Robru på grensa mot Hemsedal, etter at eg ikkje trudde laget klarte topp-4 etter eit elendig overgangsvindauga i januar. Faktisk ein strålande tur, sjølv om kroppen (foten) ikkje holdt heile vegen. Den gongen vart interessa stor rundt turen, og me fekk samla inn ein fin sum til AKTIV MOT KREFT  https://innsamling.aktivmotkreft.no/fundraisers/rune-solheim

Planen

Starten går langs E16 i Lærdal om morgonen fredag 26.juni. Fyrste dagen ventar mange høgdemeter på turen opp og over Hemsedalsfjellet på Riksveg 52.

Denne gongen endrar eg litt på planen og tek ein god stopp på Gol etter fyrste dag. Der ventar forhåpentlegvis litt god mat, litt søvn og muligheit for å sjå Norge-Frankrike, før turen går vidare nedover Hallingdalen på Riksveg 7, laurdag 27.juni. Forhåpentlegvis er det mogeleg å koma seg eit stykke mot Krøderen i løpet av dagen, og så får ein sjå om ein treng ein ny god pitstopp mot natta.

Planen er å koma seg til Sem/Tønsberg i løpet av søndag 28.juni. Men erfaringa frå sist er at slike turar lev sitt eige liv, og vind, vêr, ernæring og stamina kan vera avgjerande for om ein lukkast eller ikkje.

For ei god sak

Har du lyst å bidra på innsamlinga eller kanskje vera med på delar av strekninga, er det berre å følgja med på oppdatering, vippsa (Vippsnr: 535182) eller møta opp langs ruta.

Så får me håpa mottoet til favorttklubben kan hjelpa oss på vegen austover:

TO DARE IS TO DO!

(å våga er å gjera)