Små og kompakte øyreproppar med god lyd og justerbar støydemping som lar deg stenge verden ute. Med god batteritid og brukarvennlegheit, samt passform som egnar seg til løping, gir desse mykje for pengane!
Design og utforming:
Jabra Elite 4 Active kjem i ei lita eske der det i tillegg til øyreproppar i lade-etui medfølger tre ulike gummipropp-størrelsar, ein kort ladekabel og eit informasjonshefte.
Her får produsenten pluss for at sjølve innpakningen er laga av resirkulert og miljøvennleg FSC-sertifisert materiale, samt at det ikkje følger med meir enn akkurat det man treng.
Øyrepropp-etuiet er kompakt og lite i enkelt, svart design, og det samme gjeld øyreproppane som er heilt trådlause.
Brukarvennlegheit og funksjonar:
Når du opnar eska blir du instruert i å laste ned Jabra Sound+ app på mobiltelefonen for å komme i gong.
Via bluetooth koblar man øyreproppane til telefonen. Applikasjonen guidar deg gjennom oppstart og bruk på ein enkel og oversiktleg måte, og lar deg tilpasse lyd og funksjonar individuelt.
Kvar propp har en knapp ytterst som gjer det enkelt å spele av/pause, skifte fram og tilbake mellom song/program, justere volum og skifte mellom støyreduksjon eller omgivelsesmodus, ved å trykke eller holde inne ein eller fleire gongar på venstre/høgre propp.
Dermed kan du enkelt styre det meste mens du spring, utan å måtte ta fram telefonen. Proppane kan brukast saman eller enkeltvis, og lyden fungerer bra også ved bruk av ein propp. Det er ingen automatisk avspelings-pause om du tar ein propp ut av øyret.
Støyreduksjon
Elite 4 Active kjem med aktiv støyreduksjon som enkelt kan slåast av eller på ved eit trykk på venstre propp. Via applikasjonen innstiller man denne funksjonen til å justere lyd-frekvensar individuelt.
Slik kan du «koble vekk» forstyrrande bråk frå tredemølla eller treningssenteret medan du spring, eller om du berre vil ha full ro og stillhet på bussen eller kontoret. Det opplevast at proppane med sin gummitupp sit tett inne i øyrene og har ein passiv støyreduksjon i seg sjølv, som gjer det vanskelig å høyre trafikk o.l. sjølv om aktiv støyreduksjon er avslått.
Problemet kan løysast ved å bruke berre ein propp og ha eit øyre opent når man beveger seg i trafikkerte omgjevnader.
Mikrofon
Jabra framhevar samtalekvalitet ved å marknadsføre medfølgande 4-mikrofon-telefonsamtale-teknologi. Vi erfarte at telefonsamtaler fungerte bra, men det har ikkje blitt testa i veldig støyfulle områder.
Lyd
Lydkvaliteten er god med kraftig bass. Man kan enkelt justere bass og andre lydpreferansar via medfølgande applikasjon. Ifølge Jabra har dei skanna 62 000 unike øyrer for å utvikle desse øyreproppane med avansert teknologi for å levere akkurat den lyden du ønsker.
Fordeler:
+ Brukarvennleg oppsett via app.
+ Lite og kompakt etui og proppar.
+ Knapp på proppane som gjer det enkelt å styre lyd og funksjonar under løping.
+ God lydkvalitet med muligheit for individuell tilpassing.
+ Kan bruke venstre eller høgre propp aleine.
+ Fungerande mikrofon til telefonsamtale.
+ Justerbar støykansellering.
+ 2 års vatn- og støv-garanti.
Ulemper:
– Vanskelig å høyre trafikk, også ved avslått aktiv støyreduksjon.
– Tenderer mot å falle ut ved lange tredemølleøkter/sveitte.
Passform og løpsvennlegheit
Øyreproppane er designa for aktivitet og sit ganske godt i øyrene. Elite 4 Active har ikkje «vinger» slik som mange andre i klassen har, men opplevast likevel å sitte betre. Ved test på lang tredemølleøkt måtte proppane «trykkast på plass» med jamne mellomrom og tenderer mot å falle ut når man blir sveitt, men i mindre grad enn andre liknande gummiproppar.
Proppane er ganske små, men stikker akkurat så mange millimeter ut frå øyret at det kan opplevast litt irriterande under panneband.
Veil. pris ligg på 1290 kr.