11. juli er det klart for den andre versjonen av Enivest Sunnfjord Ultra. I 2019 kom ti løparar i mål i den 53 km lange løypa frå Førde til Rivedal. Ein dryg månad før løpet er det påmeldt 52 personar, og arrangøren har god tru på at rundt 100 vil delta dette året.
Pressemelding fra Enivest Sunnfjord Ultra
Ei vesentleg årsak til den store interessa er at dei fleste løp har vore avlyste sidan mars. Til liks med andre arrangement no for tida, vil Enivest Sunnfjord Ultra ta omsyn til gjeldande reglar for smittevern. Retningslinjene til Norges Friidrettsforbund vert følgde, noko som inneber puljestart og at det ikkje skal vere samla meir enn 50 menneske samstundes verken ved start eller i mål. Ein meters avstand er sjølvsagt.
Arrangeres av søskenpar
Søskenparet Terje og Oddveig Lyngstad står bak arrangementet. Sistnemnde driv Rivedal Galleri, der løparane går i mål. Påmeldingsavgifta er låg, 300 kroner, noko som skal dekke deltakarpremiar, vinnarpremiar, fullførar-t-skjorter, startnummer, mat og drikke, transport til og frå depot og transport frå mål etter løpet.
Alle må sørge for å ta tida på seg sjølve, og dei må bere med seg alt dei treng av mat og drikke. I år blir det truleg ein drikkestasjon utanom depot, og det er rikeleg med vatn å finne langs heile løypa.
Mange sponsorar har fatta interesse for løpet, og det lokale breibandselskapet Enivest har gått inn som hovudsponsor.
Variert underlag
Løypa går vestover, frå Førde, den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane. Underlaget er 13 km grusveg, 20 km asfalt og 20 km terreng. Den siste delen i terrenget er relativt krevjande teknisk. Det er dessutan utfordrande å orientere seg i denne delen, sidan den følger dei raude merka til Turistforeningen, merke som ikkje alltid er lette å få auge på. Det finst GPX-fil som løparane kan laste ned.
Fjellidyll
Samla høgdemeter er ca. 2000. Løpet byr på det flottaste av natur denne regionen kan vise fram. Langs heile turen kan deltakarane nyte synet av karakteristiske fjell som Lisjehesten, Storehesten, Blegja, Laukelandshesten, Fløyen og Heileberget. Løypa går langs ei rekke fjellvatn, og i rundt ti kilometer følgjer ho den idylliske Dalsfjorden.
Turglede
Enivest Sunnfjord Ultra er først og fremst eit arrangement som skal fremje løpsglede, turglede og folkehelse. Det er fritt fram for dei som melder seg på å gjere dette til ein turmarsj, og det er muleg å delta utan tidtaking. Resultatlista er berre for dei som vil konkurrere med andre og med seg sjølve.
Dersom reglane for smittevern opnar for det, blir det minikonsert, premieutdeling og matøkt ut på kvelden. Frist for påmelding er 15. juni for dei som vil vere sikra deltakarmedalje og fullførar-t-skjorte. Elles er det muleg å melde seg på heilt fram til løpsdagen.