Kjell Magnar Berli har gått mange skritt i sjukehuskorridorane. No spring han frå dei fleste fjelløparane. Ikkje for å vinne, berre fordi han kan.
– Det vart vel 372 000 høgdemeter til slutt, seier Kjell Magnar smilande.
Det er fort gjort å love for mykje og heller bortforklare det seinare. Det slapp Kjell Magnar då han sette eg eit hårete mål.
– Det byrja med at eg sa til Lars Hallvard Helsem at eg skulle ta minimum tusen høgdemeter kvar dag i 2018. Eg forsøkte å halde det eg sa utover vinteren og våren. Då sommaren kom, låg eg godt an. Då var det berre å fortsette ut hausten.
Livet kunne sett helt annleis ut
Tusen høgdemeter om dagen. Dei fleste asfaltløpare vil slite med å forestille seg kor mykje det er. Korleis er det å tilbakeleggje så mange høgdemeter dagleg?
– Det var sjølvsagt dagar kor det var tungt. Då vart det til at eg berre gjorde unna åtte hundre høgdemeter, for så å ta to tusen høgdemeter når forma var på topp igjen.
For dei som kjenner Kjell Magnar, er det ikkje sjølvsagt at den sympatiske fjellmannen frå Velledalen kan sjå tilbake på eit kalenderår med så mange høgdemeter i beina. Livet hans kunne sett heilt annleis ut enn kva det gjer i dag.
– Hausten det året eg vart konfirmert, merka eg at forma mi berre gjekk nedover. På den tida var eg veldig glad i å spele dataspel, ofte kunne eg døgne frå laurdag til søndag, for så å gå på jakt med stefaren min søndags morgon. Men utover hausten sleit eg med å halde følgje med han. Slik hadde det ikkje vore før. Eg oppsøkte lege og det viste seg at blodprosenten min var skikkelig låg, det same med jernlageret og vitaminverdien i blodet var også ganske dårleg.
Levertransplantasjon
Kjell Magnar vart sendt rett til sjukehuset i Ålesund kor legane gjorde alt dei kunne for å finne ut av kvifor helsetilstanden var så dårleg. Men då dei ikkje fann ut av problema, vart Kjell Magnar sendt opp til St. Olavs i Trondheim. Der fann dei ut av han hadde ein alvorleg leverskade. Ferda gjekk vidare til Oslo og Rikshospitalet kor han vart grundig undersøkt og fekk medisin som skulle gjere kvardagen betre. Kjell Magnar merka at forma gradvis vart betre og fortsette som før med å døgne framføre dataskjermen før han gjekk ut på jakt i helgene.
– Eg var vel 19 år då eg var på kontroll og prøvane viste svært dårlege resultat. Eg trong ein levertransplantasjon. Sjølv om eg kjente meg i ok form, takka eg sjølvsagt ja til å stå på transplantasjonsliste, då det kunne ta alt frå tre til seks månader år å få transplantasjon.
Heldigvis vart ikkje ventetida så lang. Etter nokre månader vart han ringt opp frå sjukehuset i Ålesund med beskjed om at no hadde dei ei ny lever klar til han på Rikshospitalet. Kjell Magnar måtte kome ned til Oslo med ein gong. Det var berre å hive seg rundt, kome seg på ferja og køyre til Vigra kor det stod eit ambulansefly og venta.
– Eg har nok aldri hatt det så tungt som den dagen eg skulle bli transplantert. Eg fekk ei kjensle av at dette kunne vere slutten for meg. Det er 80–90 prosent sjanse for å overleve ein slik transplantasjon. Eg har aldri før eller sidan gråte så mykje som eg gjorde dei siste timane før operasjonen. Operasjonen gjekk bra, og etter fjorten timar vakna eg opp att. Eg kjente meg faktisk ganske bra, og reiste meg opp for å stå på beina berre for å prøve. Det var ganske vondt dei første dagane etter operasjonen, eg hadde jo eit stort operasjonssår. Men eg kom meg gradvis, og etter kvart gjekk det ganske raskt å kome seg til hektene igjen. Etter tre veker vart eg utskriven og kjente meg i betre form enn på fleire år.
Passert av ein joggar
Men nokon livsstilsforandring skjedde ikkje over natta. Da Kjell Magnar kom heim fortsette han i same leia som før, med ein god del dataspeling, døgning frå laurdag til søndag og jakt neste morgon.
–Eg har jo alltid likt å gå på jakt i fjellet, og etter kvart fekk eg lyst til å bevege meg enda meir, så eg byrja å sanke trimpostar rundt i Velledalen. Resultatet var jo at forma vart betre og betre. Ein dag eg gjekk opp til Vellesetra, vart eg passert av ein joggar på vegen. Han såg lett ut i beina, og eg fekk lyst til å prøve det same. Neste dag tok eg meg ein joggetur, og eg vart positivt overraska over forma mi. Det var eigentleg då eg byrja å springe.
Blodpropp og Birken
Med ei grei grunnform frå jaktturar i fjellet og sanking av trimpostar fekk Kjell Magnar ein rask progresjon på forma, og vart med på fleire mindre motbakkeløp. Men sjukdomen var ikkje heilt ferdig med han.
– Eg fekk ein skikkelig nedtur då eg fekk påvist blodpropp. Det var tungt å måtte ta ein ny operasjon, og forma var skikkelig dårleg etter operasjonen. Eg har alltid hatt ei haldning om å ikkje gje opp, og i tunge stunder tenkt at det alltid er nokon som har det verre enn meg. Eg bestemte meg for å ikkje gje opp denne gongen heller, og melde meg på Birkebeinerrennet. Eg hadde så vidt kome ut av sjukehuset før rennet gjekk. Sjølv om det var eit tungt renn og forma ikkje var den beste, kom eg meg gjennom det.
Titimars treningstur
For dei som følgjer med på motbakkeløp og særskild lengre fjelløp i regionen, er Kjell Magnar blitt eit kjent namn på resultatlistene. Oftast finn vi namnet hans på pallen. Jo lengre og meir utfordrande eit løp er, jo større er sjansane for at fjellgeita frå Velledalen er ein av dei første i mål. Slik som i fjor då han vann det nye løpet «Fjord to Summit» i Romsdalen. Sjølv seier han at han aldri hadde nokon ambisjon om å bli ein fjelløpar, men at det skjedde av seg sjølv etter kvart som løpeturane vart lengre og lengre.
– Eg synes det er artig å sjå nye område og oppleve nye ting, etter kvart som forma mi vart betre så vart også turane lengre og lengre. Ein dag bestemte eg meg for å ta alle trimpostane i Velledalen på ein og same tur. Det tok om lag ti timar, men eg kjente meg ganske bra undervegs og etterpå. Det var nok då eg bestemte meg for å fokusere på lengre løpeturar. Deltakinga på fjelløpa har kome som eit resultat av dei lange turane. Eg er ikkje den som konkurrerer kjempemykje, eg blir ikkje motivert av det. Det som motiverer meg, er gleda over å kome ut i fjella.
Gjer ting medan du kan
Aller best trivst Kjell Magnar i området rundt Gullmorbreen og Brekktindane. Det er eit bratt og alpint område med fleire brear. Mange vil nok oppleve underlaget i dette området som tidvis krevjande for ein løpetur, men det er i såkalla teknisk løpeterreng som dette, at han verkeleg kjem til sin rett som fjelløpar. Det er ikkje mange som klarar å halde følge med Kjell Magnar når han slepp opp handbrekket i teknisk løpeterreng.
– Om ein skal delta på lengre fjelløp, er det lurt å trene på å springe nedover og ikkje bere fokusere på oppoverløpinga.
Det er tydeleg at det er opplevinga av å vere ute i fjellet som er motivasjonen for løpeturane for Kjell Magnar. Levertransplantasjonen og blodproppen i levra har gitt han eit rasjonelt og takksamt syn på livet.
– Eg har alltid tenkt at eg må gjere ting medan eg kan. Ein vet ikkje kva morgondagen bringar, det har eg jo erfart fleire gongar. Eg set pris på dei dagane eg kan gjere det eg vil, og eg planlegg ikkje så langt fram i tid. Det er sjeldan eg set meg mål eit heilt år fram i tid. Til sommaren har eg ikkje planlagt nokon konkurransar, bortsett frå Stranda Fjord Trail Race (avlyst nå, red. anm). Eg tar alt anna som det kjem. Eg vil berre kose meg i fjellet med fleire langturar i nye område.
Korleis bli betre på nedoverløping?
Til tross for at han har sanka ufatteleg mange høgdemeter i løpet av eit år, mener Kjell Magnar at det å vere god i nedforsbakkane er vel så viktig for å bli ein god fjelløpar. Her er råda hans.
– Først og fremst må ein kjenne på beina sine, og vere smart. Det er ikkje lurt å starte med å springe nedover for lenge om gangen. Ta det gradvis. Musklane får bra med juling når ein spring nedover, så dei må få tid til å venne seg til ei ny form for belastning. Kor lenge ein kan springe nedover i starten, er svært individuelt, men helst ikkje meir enn 15 minutt om du har lite erfaring.
Dei fleste tenker berre oppoverløping når dei trener. I konkurransar ser ein ofte at mange tapar mykje tid nedover. Å springe nedover handlar om teknikk. Du må vere bevisst på kor du plasserer beina og tyngda. I steinur til dømes, om du då legg vekta på eit bein, ligg du plutselig der.