Nydelege haustfargar.

Nok ei helg på løp, travelt men gu så kjekt. Skåbu Ultra har eg høyrt om mange ganger da @herrestvik har prøvd å overtale meg til å være med, og i år blei det endelig noko av.

Og for ei helg det blei ;) Morten og Inger Johanne med meg og Inger Åmodt i baksetet freste austøve mot Skåbu fredag morgon, sånn ca gjennom halve landet… (føltes nesten sånn). Kom fram til den bittelille bygda Skåbu på ettermiddagen. Der blei me innlosjert på det koseligste lille hotellet, Skåbu Fjellhotell med fantastisk vertskap, og skikkelig gjennomført heimekoseleg stil. Her følte me oss heime.

Velkommen.

Me henta startnummer og møtte på fleire frå Team Sportsmanden, før me alla samla oss til ein nydeleg “kvelden før” middag på hotellet. Det vart tidleg til sengs da me skulle tross alt opp klokka 05:00.

Me vakna sjølvsagt før klokka, er alltid litt smånervøs før løp, men me hoppa i klær og fekk i oss litt frokost før bussen tok alle Ultra deltakerane til start. Man køyrer då gjennom traseen me ska løpe og turen føltes uendelig lang da bussen brukte over ein time på og frakte oss til start.  

Sjølve ultra løpet går gjennom Jotunheimsveien  (Mjølkevegen)  på grus, det var fantastiske nydelege haustfargar og me løp forbi små seter langs vegen. Og plutseleg kunne det dukke opp masse reinsdyr (heldigvis såg me ingen bjørn eller ulv som eg var bekymra for, til litt latter frå dei andre).

Reinsdyr langs Jotunheimvegen.

Når du kjem ned mot Skåbu så svinga me av og siste mila var på ei skogsløype langs eit vatn, og med dei siste 3 km av løpet som gikk rett opp ein bakke med 10% stigning som hvertfall eg hadde ingen planer om å prøve å løpe.

Skåbu fjellmaraton har fleire distanser å velge mellom, det er 7,5 km, halvmaraton, heil maraton og ultra med 57km. 

Det kjekke er at sjølv om me starter på forskjellige stader og tider så avsluttes alle på same plass, og  med konkurranse om kven som kjem opp den siste  3 km bakken på slutten raskast. Den var heftig, men skikkelig kul avslutning.

For min del hadde eg ein “tung dag på jobben”, mulig kroppen ikkje var klar for nok eit ultraløp på kort tid, men greit gjennomført og enda opp på 3. plass i min klasse, kun litt over minuttet opp til andre plassen,  så må sei meg godt fornøyd med det. MEN neste år skal eg ha revansj.

I mål.

Etter målgang og dusj ble det litt avslapping før me stasja oss opp til bankett for alle løperne. Her var det fantastisk middag og dessert, konkurranse, og foredrag om den Norske løperen Mensen Ernst, beretta av Terje Lyngstad.

Ein super sosial kveld, med mange kjekke løpe folk.  Må vel innrømme at me vakna litt stiv og støl søndag morgen, men etter ein  god frukost før me starta på den lange heimturen igjen. Ein ting er sikkert; me kjem igjen!

Lene