Idrottslaget i BUL har vurdert at smittesituasjonen i Noreg er på eit nivå som gjer det usannsynleg å kunne arrangere ASICS Sentrumsløpet den 24. april.

Pressemelding fra IL i BUL

– Vi lovde følgjarane våre å ta ei avgjersle så tidleg som mogleg og sidan vi framleis vil gjere det vi kan for å arrangere ASICS Sentrumsløpet 2021, valde vi å flytte det til ny dato, laurdag 28. august, seier Simen Wifstad, fungerande dagleg leiar i IL i BUL.

Utsette og ikkje avlyse

Det er mykje førearbeid som må til for å arrangere eit slikt løp midt i sentrum av hovudstaden. Det er difor ikkje mogleg å arrangere eit slikt løp på kort varsel ettersom ein må starte tidleg med å innhente løyver og lage avtalar med leverandørar.

– Vi må ta eit val tidleg og meiner det er vårt ansvar som arrangør å halde optimismen oppe og stå klar for å arrangere når vi igjen kan. Vi håpar andre arrangørar tenkjer på same vis og tørr å planlegge. Vi er ein frivillig organisasjon og Sentrumsløpet er ein stor del av vår identitet. Det er difor vårt mål å gjere det vi kan for å kunne arrangere i 2021, fortel Wifstad.

Vurderer ulike scenario

Det er nødvendig å sjå på mange ulike scenario for å auke sjansane for å kunne arrangere i august. Det er ein moglegheit å dele opp i puljar som er i samsvar med retningslinjene og slik sørge for ein viss avstand mellom løparane.

Det vil likevel vere avgrensa kor mange grupper ein kan dele opp i ettersom det er ein avgrensa tidsperiode ein får lov til å stenge av Oslo Sentrum.

Det er også mogleg å vurdere å sjå etter ei alternativ gate for målgang slik at ein unngår at det blir for mange folk på ein plass. I tillegg til desse strukturelle moglegheitene, er det mange andre aspekt ved arrangementet som kan justerast.

– Kva restriksjonar som gjeld i august veit vi ikkje, men vi meiner sjansane er større for at det vil vere mogleg å arrangere eit løp då, og planlegg for ulike scenario for gjennomføring. Viss ein går gjennom dette året utan ein slik type folkefest, er det veldig synd, seier Wifstad.

Sjå https://sentrumslopet.no/ for meir informasjon.