Den 10. juli 2021 inviterte Xtremeidfjord til Dynafit Hardangerjøkulen Ultra for andre gong etter testløpet i 2018. Ei spektakulær løpsoppleving på 95 km der deltakarane spring rundt Norges finaste isbre.

Pressemelding frå Xtremeidfjord

Start og mål er på Liseth, løparane er innom Rembesdal, Finse, Krækkja og Kjeldebu. Ei variert løype som byr på fantastisk natur og løype rundt Hardangerjøkulen.

Foto: Kai Otto Melau

Avlyst i 2020 – gode forhold i 2021

Løpet vart arrangert for første gong i 2019 etter eit testløp i 2018. På grunn av mykje snø i løypa og øydelagde bruer måtte løpet avlysast i 2020. Denne gongen låg heldigvis forholda til rette for at Xtremeidfjord kunne arrangere det 95 km lange løpet igjen.

I år fekk løparane ein strålande start med gode forhold i fjellet. Utpå ettermiddagen og kvelden kom det litt skodde og regn. Vêret i fjellet er skiftande, og sikkerheit har høgt fokus hjå arrangøren. Det er krav til innhald i sekken til deltakarane. 

Tom Erik Halvorsen sette ny løyperekort med tida 10.56 Beste kvinne var Ingrid Lid som kom inn på tida 13.54 Like imponerande er innsatsen til dei som har vore ute i løypa lengst. Siste deltakar kom i mål etter 22 timar og 42 minutt.

Dynafit Hardangerjøkulen 34 km – spanande nykommar

I år vart det også tilbydd kortversjonen Dynafit Hardangerjøkulen 34 km. Slik som ultraløpet er også dette eit reint fjelløp. Også her må løparane sjølv navigere langs DNT sine stiar ved hjelp av GPS. Løypa føl første del den same traseen som ultraen, men på høgda før Rembesdal skil løypene lag.

Beste kvinne, Monika Zsak kom i mål etter 4 t og 35 min medan Pavel Serov vann herreklassen med 3t og 38 min.

Liv på Liseth

Basen er på Liseth med start og målgang for begge løpa. Her var det liv og røre med bålpanner, heiing og utveksling av gode historiar frå løypa.

Crew

Xtremeidfjord er ein frivillig organisasjon og det er lagt ned ein stor dugnadsinnsats av eit fantastisk crew. Utan crewet hadde degt ikkje vore muleg å arrangere dette løpet.

Sponsorar

Det er ingen stor butikk å arrangere slike løp, men pengar er ikkje i fokus for foreininga. Målet er å setje Eidfjord og Hardanger på kartet og skape unike opplevingar for både deltakarar og crew.

Med hjelp frå gode støttespelarar frå ulike firma i Hardanger kan arrangøren drive løpa på ein god måte.

– Me har også med oss ein hovedsponsor Dynafit / Vertical Playground som leverer klær til crew og finishertrøyer til løparane. Dette er me veldig takksame for, seier arrangøren.