Sydney maraton er i ferd med å bli den sjuande major i maratonverda. Førre helg arrangerte Abbott Majors for fyrste gong eit World Master Marathon utanfor ein av dei seks store maratona i verden; London, Berlin, Tokyo, Boston, Chicago og New York. Dette foregjekk på den andre sida av kloden, Down Under.

Her kjem ein løpsrapport frå mi deltaking i 2024 Age Group World Championship.

Før start

Etter innside tips frå kjente og arrangøren, flytta eg opp til North Sydney Hotel laurdag før løpet. Hotellet låg 40 meter frå inngangen der VM-deltakarane hadde bagdrop, forfriskninger og oppvarming,

Vêret var noko betre enn meldt, så me slapp unna regnet som skulle koma på natta. Vinden var mindre enn den stormen som var meldt, men likevel 12-15 m/s. Noko eg ikkje ha opplevd på eit slikt løp tidlegare. Temperaturen låg rundt 10-12 grader.

Starten var i mørket kl. 06.00 på morgonen. Altså tilsvarande laurdag kl. 22.00 norsk tid. På tross av nokre dagar tilpassing i forkant, var det eit ugunstig tidspunkt å løpa for oss nordmenn.

Nettene etter ankomst hadde bydd på variabel og mykje uavbrutt søvn. Men kjensla var ikkje så verst då eg sto opp kl. 04.00 på natta.

I staden for å bli guida bort i gruppen frå VM-arrangøren, gjekk eg saman med eit titals andre bort til startstreken åleina. Me fekk dermed stilt oss opp rett bak eliten på startstreken. Noko som var poenget med å gå åleina bort.

Løypekartet med høgdeprofil

0 – 5km

Som du ser av løypeprofilen, stuper det ut frå start. Litt over 1 kilometer før ein skal over Sydney Harbour Bridge, og deretter ned til 4 kilometer og ein motbakke på 1 kilometer. Totalt ganske mange høydemeter nedover. Men med sterk vind i mot heile vegen.

Eg fulgte planen, holdt godt igjen, og passerte 5 kilometer på 18.09. Litt raskare enn normal maratonfart, men med ein puls knapt nok i sone 2.

I dagane før løpet hadde eg kjent noko ubehag i hælane, spesielt den høgre. Dette kjente eg tydleg i bremsinga nedover. Truleg brukte eg også litt mykje krefter på å holda igjen nedfarten.

6 – 10km

Neste 5 kilometerne kan beskrivast som ein berg og dalbane-etappe. Med ti 90-graders vinklar, og både mot og medvind som følgje. Strekninga går i Darling Harbour-området.

Pulsen holdt seg lågt i fyrste halvdel, men på klatringa kom den godt inn i sone 3.

Tida vart 18.52, noko som gjorde at 10 kilometer vart passert på ganske nøyaktig 37 minuttar og normal maratonfart.

Det føltes som eg hadde stein i høgre sko, men det var det ingen tid til å sjekka nærmare ut. Eg hadde jo kjent til dette på dei siste løpeturane, utan å finna nokon stein uansett.

11 – 15km

Den tredje 5 kilometeren, fortsatte rundt havneområdet, med om lag like mykje med- og motvind. Dette på grunn av like mange hjørner og 90 graders vinklar å forsere. Løpet hadde satt seg litt meir, men fortsatt ingen skikkeleg gruppe å gøyma seg bak når vinden var som mest i mot.

Etter fyrste del ganske flatt og med god flyt i normal fart, gjekk me inn i den største motbakken i løpet. Totalt 4 kilometer med sterk stigning. Omlag 1 kilometer av dette inkludert i denne 5 kilometern. For meg som er vandt med den flate Semslinna i Tønsberg, visste eg at denne delen kom til å bli utfordrande.

Eg merka at eg, bevisst eller ikkje, ga ein del meter oppover. Men eg var fast bestemt, før løpet, på at eg skulle kontrollere opp den delen av løypa. Uansett. Fordelen oppover er at eg ikkje landa like mykje på den hælen.

På tross av bratt stinging på slutten, hjalp flyten i starten på denne 5 kilometeren til at den vart passert på 18.55. Noko eg var komfortabel med. Pulsen varierte sjølvsagt med profilen på løypa.

16 – 20km

Den hardaste delen av løypa! Med mykje motbakke og all vind i mot.

Pulsen auka og vart meir stabil opp mot sone 4. No brukte eg ikkje pulsbelte, og sjekka heller ikkje pulsen undervegs. Det gjere eg ytterst sjeldan, spesielt ikkje med kun bruk av håndleddspuls. Som pulsreferansane er samanlikna i etterkant av løpet.

Strekning hadde lite svingar, bortsett frå ein 180 graders vending på slutten. Eit rart løypevalg, med ein liten «utlagt tarm» rett før 20 kilometer.

Klokka viser i ettertid 19 blank på denne 5 kilometeren. Noko eg ikkje visste undervegs, då eg slutta å følgja med på klokka, og kun springa på følelse.

Hælen var no ganske nummen.

21 – 25km

Fyrste partiet i løypa der det verkeleg gjekk an å finna flyten. Med omtrent like mykje vind i mot, som i rygg. Men eg må innrømma at medvinden var vanskeleg å registrera.

Eg noterte med passering halvvegs på 1.18 høg, og skjøna at dette kom til å bli ei tid litt bak vanleg. Noko eg var førebudd på i forkant. Likevel viser denne strekninga at formen er som eg trur. 18.28 er akkurat der eg ynskjer å liggja hver femte kilometer.

I tillegg følte eg nokolunde kontroll, og merka at eg sto meg bra mot andre i flate parti av løypa. Men fortsatt var det vanskeleg å finna ei skikkeleg gruppa å springa saman med.

26 – 30km

Denne delen av løypa bydde på ein del hjørner og ein ny 180 graders vending. Vindretninga veksla dermed mellom front og bak. Starten hadde jamn stinging, og høydeprofilen viser faktisk den 5 kilometeren med mest stigning.

Strekninga tok 19.06, den treigaste i løpet. Kroppen kjentes tung, og pulsen låg over midten av sone 4.

Vanlegvis kallar eg dei fyrste 30 kilometerne transport. Derfor spelar det inn mentalt når det kjennes tungt før 30 kilometer. Likevel klarte eg putta dette relativt greit bak i skallen. Det same med hælen. Dette er nok det eg er mest stolt av i gjennomføringa av dette løpet.

31 – 35km

Truleg den 5 kilometeren med mest medvind har eg funne ut i ettertid. Det merkast ikkje i dåtid. På ny ein berg og dalbane-strekning, der dei hadde fått lagt inn nokre hjørner og ein 180 graders sving.

Inni parken kom det 2-3 løpere forbi i god flyt. To av dei i min klasse, M45-49. Eg klarte ta meg saman og hang på eit stykke, men lot dei få nokre meter opp den siste bratte km.

Min treigaste km i løpet av dei fyrste 40. Pulsen passerte etterkvart 160 slag i minuttet, og bakken fraktas meg inn i sone 5.

Fasiten i ettertid var 18.55 på tross av nokre kilometer nedover også. Mot slutten kjente eg hælen sprakk og væske rant nedi skoen. Det kjentes rart, men også deileg. Nummenheita forsvann litt, men hælen vart meir sår å springa på. Men no skulle ég til mål.

36 – 42 km

Dette var ei strekning eg hadde gleda meg til før løpet. Dei fire fyrste km slakt nedover, og i tillegg heldig vindretning.

Gruppa eg slapp i førre bakke, vart henta inn, og eg vurderte å springa i frå. Men eg visste det var ein bratt bakke rundt 39 km. Så planen vart å «kvila» meg i rygg, og ikkje tapa for mykje opp siste bakken. Då var eg sikker på at eg var sterkare enn gruppa mot mål. Eg såg minst tre stykker i klassen rundt meg.

Kilometertida fra 36 til 39 kilometer var: 3.44, 3.43, 3.37 og 3.35. Riktignok litt nedover og med vind i ryggen. Puls i sone 5 gjorde ingenting, då eg kjente meg sterk.

Etter ein tilnærma 180 graders vending nedi bakken, bar det inn i siste motbakke. 2km med mykje stigning. Det gjaldt å ikkje sleppa for mykje opp bakken.

Fyrste del gjekk bra, men så lugga det i begge hamstringane. Fyrst høgre, så litt i venstre. Men mest i høgre. Nesten på toppen, men luka byrja bli stor. Eg prøvde ta i litt ekstra, men det var ikkje baksida av låret noko interessert i.

Eg rulla så vidt over toppen etter 3.51 og 4.05 på km 40 og 41. Pulsen viste på dette tidspunktet 165. Og krampa låg og lurte.

Foran meg låg ein nedoverbakke som verkeleg innbydde til ein sluttspurt. Det norske flagget på brystet, hadde ført til «Come on Norway»-tilrop langs heile løypa. No trua tilropa med å påføra meg krampe som betydde totalt stopp. Eg holdt meg på baksida mens eg humpa nedover, mens folk ropte og skreik. Eg såg bak meg. Heldigvis ingen å sjå.

Framfor kun ein lang nedoverbakke. Det gjaldt å springa akkurat så seint at krampa ikkje hogg til. Så fekk tid og plassering bli som den blei.

Mens kilometertida gjekk oppover, gjekk pulsen motsatt veg. Klokka gjev meg godt over fire minutt per kilometer på slutten, men pulsen droppa ned under 140 i mål.

Rett før mål tok eg att den sjuande beste dama i løpet, og var tross alt glad for at eg ikkje hadde gått på den største smellen i løpet. Stakkars dame.

Konklusjon

Sluttida 2.38.48 er noko bak mine sju siste maratonløp. Men viser at formen er minst like god som dei siste åra. Faktisk trur eg at den er hakket betre. Tap av minimum 1 minutt etter passering 40 kilometer, er med på å underbyggja dette.

Eg vart nr 85 av rundt 25.000 påmeldte totalt, og nr 9 i VM klasse M45-49. Irriterande med tanke på dei tre eg hadde tenkt å ta på slutten. Men eit maraton er 42.195 meter og ikkje litt mindre. Så det gjeld å stå distansen.

Men det viktigaste var at eg kom i mål, på tross av ulike utfordringar undervegs. Det gjev mental styrke til seinare løp.

Etter målgang

I mål var det berre å koma seg mot VIP-området for VM-deltakarane. Eg hadde mest lyst å ta av meg skoa, men droppa det heldigvis til eg var inne i skiftefeltet. Men dei 500 meterne dit, var blant dagens tyngste.

Vel ute av skoa, registrerte eg tidenes blemme-sprekk. Men god hjelp frå medisinsk personale, gjorde at eg fekk skifta til tørre kle, og plastra opp såret.

Eg traff igjen Erik Bergersen som hadde kome seg gjennom heile løypa, tross skade før løpet. Ein strålande prestasjon, sjølv om han peika på at det va langt bak pers. Då er det greit for oss begge å veta at det alltid kjem eit nytt løp!