Etter ei mildt sagt kronglete oppkjøring med både prolaps og krystallsjuke er eg omsider på veg mot formen igjen, og ser fram til å springe i Valencia i vinter. Her er kva eg har erfart på vegen frå maroder til maraton, og korleis eg kjem til å trene fram mot løpet.

Nytt forsøk

Så var me her igjen. Med friskt mot og ein kropp på veg tilbake mot normal form. Planen var å skriva eit innlegg i påska, men laurdag i palmehelgi smalt ryggen igjen (les her for forhistorien).

Eg funderte lenge på om eg skulle skriva meg ut av krisa, men tok til fornuften. Tenkte eg burde spare deg som lesar for mange mørke tankar og uendeleg syting. For ingen klagar så mykje som ein løpar som ikkje kan eller får lov å springa.

Søk hjelp

Truleg derfor, er det så mange som brukar forum på nettet for å finna likesinna som meinar ein skal/kan springa seg gjennom alle skadar. For det er alltid nokon som har vore heldige. Og dersom du vel å gå til fagfolk, som kan meir om ulike skadar, får du ofte beskjed om å vera tolmodig. «Du må bruka tid på å koma tilbake i normal aktivitet». Fortel meg ein løpar som har tid til det. Det kjem jo alltid eit løp og det er alltid noko ein helst vil løpa mot.

Min prolaps omfatta S1 og L5/L4

I motsetning til i haust/vinter hadde eg denne gongen ikkje noko valg. Kroppen kunne ikkje, ville ikkje, burde ikkje, makta ikkje og fungerte ikkje til å løpa. Presset på isjiasnerva var såpass stort at løpinga vart erstatta med påskeferie liggjande på golvet med bytte av posisjon 2-3 gonger i minuttet. Det vart smertestillende og sovetabletter, dessverre i tillegg til null aktivitet OG påskemarsipan og anna trøsteeting.

Feira påskeafta delvis på Lærdal sjukehus

Forfallet

Deretter fulgte veker med sjukemelding. Tabletter kombinert med ei veka i Syden utan aktivitet. Mai med sin nasjonaldag og langhelger. Til slutt var formen så dårleg at humøret var til å ta å føla på. Ikkje berre for meg, men alle rundt meg også

Avslapping i Sydan hjalp ikkje på forfallet

Heldigvis falt eg ikkje for freistinga å spørja eller følgja tilfeldige råd på nettet. Eg brukte kyndig hjelp frå to!! fagfolk med litt ulike innfallsvinklar. Den eine oppteken av energiar og tolmod, den andre tilnærmingar der me jobba med å få kroppen tilbake til normal funksjon. Helst utan å måtte ta nye steg tilbake. Blant anna testa me musklepar for å sjekka kva eg trong «skru på att». I ettertid ein fantastisk kombinasjon av tilnærming. Etter 9-10 veker løsna smertene og eg kunne starta forsiktig løping.

Etter ein tidleg tur i sommar

Eg er utruleg stolt over at eg likevel klarte holda tilbake, med god hjelp. At eg fulgte eigen plan tilbake til normal treningsmengde. Det må seiast at eg hadde fått lov å starta kontrollert styrketrening i mai. Fyrst øvelser utan belastning på rygg. Etterkvart også diverse utfordringar for kjerne og rygg. I denne perioden dukka det i tillegg opp ein variant av krystallsjuka som gjorde enkelte bevegelser vanskeleg, og nokre umogeleg.

I ein jobb som personleg trenar, er det tøft å ha utfordring med å koma seg opp og ned frå golvet. Denne tilstanden forsvann etter 5-6 veker. Faktisk etter takmåling på hytta. Ein posisjon på hovudet som ikkje er ulik bevegelsene som er anbefalt for å få krystallene tilbake på plass.

Gjennomføringa

Sommaren vart brukt til å gradvis auka mengden løping. Veka for veka minska smertene, humøret vart betre og eg starta trivast att i eigen kropp. Den som er usikker på om aktivitet spelar inn på vår mentale helse, kan gjerne be meg med på ein diskusjon.

Kvilepulsen, som hadde stege med 10 slag etter prolapsen, starta synka som resultat av meir aktivitet. Dette er eit spennande tema som eg gjerne kjem tilbake til i ein seinare blogg.

Auken frå veka til veka var ikkje stor, sjølv om kroppen responderte bra og hadde lyst på meir. Planen vart fulgt. Ved minste murring, tok eg eit steg tilbake. Heile vegen i samråd og testing med mine utvalgte behandlarar.

Planen var å koma tilbake på 100km i starten av august. Noko eg klarte. I denne perioden med opptrapping av løpemengde, trappa eg ned på styrkeøktene for ikkje å belasta altfor mykje på ei gong.

På veg mot neste mål

Når eit delmål er nådd, er det viktig å kom seg vidare mot neste (del)mål. Kroppen nærma seg normal funksjon og det mentale var på opptur. Likevel har eg no brukt heile august til å sjekka om kroppen kan absorbera vanleg trening på same måte som før prolapsen. Med 4-5 gode veker utan kjenning, utan utfordringar og med god respons, tenkjer eg at neste mål må setjast.

Planlegging er halve jobben og gjere vegen meir morosam

Planlegginga

Planen er no 12 veker med maratontrening fram mot Valencia maraton. Berlin maraton neste helg er skrinlagt og på veg ut av fokus. Ein grovplan er satt opp. Den hensyntek både styrke (rehab/prehab), mengde og ulike kvalitetsøkter. Planen kan endrast utifrå kjensle og endring i totalbelastning.

Min løpsstyrke er nok stamina og uthold, mens farten er utfordringa. Likevel kjem eg til å vera forsiktig med å auka farten for fort, og held hovedfokus på mange langturer i ulikt tempo. Kvar veka vert det også ei fartsøkt. I tillegg testar me om kroppen tåler ei økt med ganske mykje mengde kring noverande maraton fart. Maratonfarta vert forøvrig justerast kvar veka. Ned mot ønska fart i Valencia.

Når det gjeld økter med overfart, aukar eg også her farten veldig gradvis. Det er ekstra viktig å følgja med på korleis ein stadig eldre og stivare kropp reagerer. Dette er kanskje den viktigaste kunsten for oss løparar som er oppi åra. Kroppen endrar seg dessverre jo eldre ein vert, og ein kan ikkje utfordra sener, ligament og muskler på same måte når ein nærmar seg 50, som når ein er i 20- og 30-åra.

Kvifor blogg?

Ynskje med denne bloggen, instagramkontoen min og delvis Stravakontoen min er å beskriva korleis eg trenar desse neste 11-12 vekene. Eg håpar nokon kan finna inspirasjon i historia eg har fortalt, og vegen vidare. Hugs at det er viktig å skalera innsats etter kvar du er i livet. Kor mykje du jobbar, kor mykje du søv, kor mykje du trenar og korleis familiesituasjonen din er. Noko av den største fallgruva i desse SoMe-tider er å ukritisk samanlikna seg med andre utan å veta deira situasjon og forhistorie.

Eg er open for innspel undervegs i prosessen vidare, så er takknemleg for innspel dersom du kommenterar eller kontaktar meg.

Ha ein strålande løpehaust og hugs at kontinuitet slår fantastiske enkeltøkter i det lange løp!

Lukke til med løpehausten!