Etter inspirasjon frå eit Instagram-innlegg frå @lopeoldemor tenkte eg det kunne vera litt fint å filosofera rundt løpeglede. Kva er løpeglede? Det er kanskje ein del andre spørsmål som må diskuterast før ein kjem nærmare svaret på det spørsmålet.
Kvifor spring du? Kvifor spring Jakob? Kvifor spring Karsten? Kvifor spring eg? Kvifor spring stadig fleire? Kvifor spring me?
Kvifor?
Me har jo ofte minst ein sykkel kvar, og i ein del tilfeller, ein bil i tillegg. Me har kollektivtransport, som av og til går i rute, alt etter kvar i landet du bur.
Me har liten tid. Me har for dårlege sko, for få sko, for dårlege kne, for dårleg løpestil, for trang jakke. Me har ein haug med unnskyldninger. Kva er grunnen til at så mange vel å bruka delar av tida/livet sitt på å løpa rundt likevel?
Løpeglede!
Eit utal grunnar
Nokon spring for å koma i betre form. Nokon spring for å koma frå A til B. Nokon spring vel i grunn berre for å koma bort frå A.
Andre spring fordi dei trur dei må, eller fordi andre seie dei bør. Andre fordi det er beste måten å kobla ut/av/på (stryk det som ikkje passar).
Så er det nokon som spring for å bli ei betre utgåva av seg sjølv, kva no det måtte bety.
Nokon spring atter for å ikkje bli ein dårlegare utgåve av seg sjølv. Altså eit utal grunnar.
Det var enklare før i tida. Langt tilbake. Då sprang ein når ein måtte. Ein slapp ta eit valg om ein burde eller skulle. Spring eller dø var ofte mottoet. Enten det var nokon som sprang etter deg for å eta deg, eller du som måtte springa etter andre for å få noko å eta.
På den tida var det nok få som trengte filosofera over KVIFOR? Då sprang ein når måtte. Ein kan vel kalla det ein ytre motivasjon.
Motivasjon
Så i våre dagar handlar det mest om indre motivasjon for å ta valget om ein skal springa eller ikkje. Og eg tippar dei aller fleste som les dette innlegget, allereie har teke det valget. Ettersom dette jo er eit innlegg for Runner’s World.
Men la oss tenkja at me er ikkje er komen hit.
Kva skal til for å finna løpegleden?
Jo, fyrst og fremst må du finna din motivasjon, og den bør koma innanfrå, meinar eg. Uansett kva den er. Og eg skal ikkje foreslå kva den kan/bør/skal/må vera. For den må DU finna sjølv.
Og viss du brukar lang tid på å finna din indre motivasjon, så syns eg ikkje du skal springa i det heile teke. For det er jo liten sjanse for at du vert jaga rundt av eit vilt dyr i nærmaste framtid, og mange av oss er så heldige at me kan gå, eller køyra, på butikken dersom me treng noko mat.
Finne løpegleden!
Så kjem me til sjølve essensen i det eg ville skriva om i dette innlegget. Tenk deg at du skal testa ut springing for fyrste gong, eller iallfall er i starten av ditt «løpeliv». Kva trur du fungerer best? Å snøra skoa og spurta av gårde det beste ein kan, eller starta roleg og forsiktig?
Mange av oss er etterkvart komen dit at kilometertid, distanse og tekniske hjelpemiddel er viktig for motivasjon og løpeglede, men eg tørr påstå at skal fleire bli glade i springa, så må ein fyrst læra seg å SPRINGA SEINT. Kanskje i starten gå raskt.
Skal du ha lyst å bli glad i å springa, må du læra deg å springa seint. Det er mi meining.
Se dette innlegget på Instagram
Ganske få fortset over lang tid viss ein stadig vekk skal springa den same runden litt raskare. Ganske få finn motivasjon av å velta ut i grøfta på slutten av ein løpetur. Ganske få likar å måtte imitera Ole Einar Bjørndalen sin målgang der snørr, sveitte og slev kjempar om å vera festens midtpunkt. Iallfall i starten.
Framgang er ofte veldig motiverende, både i starten og over tid, men er du ein fersk løpar, kan framgang målast på andre måtar enn større fart og meir laktat.
Så legg bort klokka og spring. SÅ SEINT DU KAN.
Ikkje bry deg om kva andre gjere på Strava, Runkeeper, Instagram og i andre SoMe-samanhengar.
Spring avslappa og nyt alt rundt deg, viss du klara.
Og viss du vert lei av å springa seint tre gonger i veka, DÅ kan du vurdera om Ole Einar faktisk var inne på noko der han låg. Eller om det kanskje kan vera lurt å bli litt raskare eller iallfall kunne springa litt lengre, dersom det plutseleg skulle dukka opp ein sabeltanntiger mens du er på veg til butikken.
Spring!!!