No er me komen godt ut i februar og eg har gjennomført min fyrste januarkonkurranse nokonsinne. Planen var ein kontrollert halvmaraton inne på Bislett. Den planen gjekk ut av vindauga, og bunkeren, allereie etter eit par rundar.

Det vart derfor sprunge litt for hardt heile vegen, og treninga på inntak av næring undervegs, gjekk fløyten. Om ein skal strekka seg til å kalla det god eller dårleg mentaltreningsøkt, er vanskeleg å seia.

Det som skulle vera kring maratonfart, vart så og seia kring halvmaratonfart. Det som skulle vera eit kontrollert løp kring 1.17, vart eit krevande 1.14-løp. Med ein mental breakdown 300m før mål, og påfølgjande tap av seier og andreplass. No var seieren uansett trua, stopp eller ikkje stopp, men andreplassen burde vore sikra med å holda beina i gang heile vegen.

Men no spring eg ikkje løp for å vinna over andre enn meg sjølv. Men 14sek bak pers var kanskje litt verre, sidan stoppen fort kosta meg 15-20 sekundar.

Terskeltreninga

Før Bislett Indoor halvmaraton, hadde eg gjennomført 18 veker med totalt 68 terskeløkter. Den beste treningsperioden eg har hatt på fleire år. Øktene har vore motiverande og gjennomføringa har vore nært på optimal.

Eg har variert mellom dagar med doble terskeløkter på 30-40 minutter, og nokre dagar med ei lang terskeløkt på 50-80 minutter. Av og til har eg køyrt terskeløkt to påfølgjande dagar. Men oftast har eg hatt to rolege dagar mellom to doble terskeldagar.

Eg har variert mellom korte drag på 45 sekunder, til lange drag på 20 minutter. Men etterkvart har 10 minutter, 6 minutter og 3-minutterdraga vorte i fleirtal. Derfor har eg no ganske godt samanliknings-grunnlag på desse øktene.

Laktatmålingane har etterkvart stabilisert seg, med nokre feilmålingar innimellom. Noko som er irriterande ettersom stripsa er ganske kostbare. Eg skriv litt meir kring dette i avsnittet om Fagseminar med Timik og Askild Vatnbakk Larsen mot slutten av innlegget.

«Vegen mot VM»

I skrivande stund planlegg eg sesongen litt meir detaljert.

Eg har meldt meg på AbbottWMM Wanda Age Group World Championship i Sydney i september. Dette vert den store gulrota for sesongen. Like mykje som ein tur, som eit løpemål. Men treninga skal rettast inn mot å kunne springa fort der, dersom vêret og forholda ellers ligg til rette for det. Då gjeld det å halda på kontinuiteten og vera tolmodig. Ikkje grådig.

I samband med Sydney-VM har eg fått med meg Norges største online treningssenter Naardic som ein sponsor. Dei sender no nokre (som regel to i veka) av mine eigne terskeløkter live og i opptak fram mot september.

Vanlegvis når eg har online intervalltimar, spring eg kontrollert slik at eg kan kommunisere og motivera deltakarane, utan altfor høg puls. På desse «Vegen mot VM»-øktene spring eg i mitt tempo, og håpar å motivera deltakarane med innsats og eit bilde av korleis slike økter kan gjennomførast. Bruk gjerne denne linken for å bli med!

Sesongmål

Vegen mot sjølve måla har alltid vore det viktigaste for meg. Også i år. Men skal ein få til vegen mot eit mål, må ein også setta seg eit mål, og gjerne nokre delmål.

I år er målet enkelt å greit å persa på alle distansar frå 5 kilometer til 24-timars løp.

5 og 10 kilometer spring eg såpass sjeldan at det burde gå greit i ein vanleg treningsperiode. Bislett bekrefta at eg burde vera god for solid pers dersom eg slepp opp litt på treninga framfor eit halvmaraton. Kanskje vert World Masters Athletic i Gøteborg i august løpet der dette skal skje? Der er det iallfall høve å springa ein rask halvmaraton i eit godt felt. Og så er det 3 veker før Sydney, noko som kan vera akkurat passe. Eller akkurat litt tett på.

På maraton er eg avhengig av ein bra dag, i ei god løypa. Sidan eg spring Sydney i staden for Berlin i september, må persen settast på våren eller seinare på hausten. Kvar og når er endå ikkje planlagt i detalj.

I juni håpar eg å vera i stand til å forsøka meg på over 240 kilometer på Hell 24-timars løp. Dette er litt risky ettersom eg sjeldan kjem godt ut av slike 24-timars løp. Men eg håpar å få til eit godt forsøk. Dette er jo vel så mykje mental-trening som fysisk prestasjon.

Kanskje rekk eg også eit 6-timars løp før Hell. Målet vil evt vera å få til to maraton i løpet av 6 timar.

Ståa no

I skrivande stund har eg hatt ei relativt roleg veka etter Bislett. Med ein stiv rygg og litt småforkjøling. Det harde underlaget på Bislett satte sine spor, spesielt i prolaps-ryggen, pga lite langturar i forkant. Planen har alltid vore å starta med regelmessig langturar i midten av februar.

Denne veka sit forkjølinga fortsatt i, så eg forsøker holda roen og venta med neste terskeløkt. Er ikkje så redd om heile veka skulle gå utan terskel. Men eg bør vera tilbake med laktatmålaren siste veka i februar. Krysser fingrar for at det går som planlagt.

Fagdag Timik

Forrige torsdag fekk eg vera med på ein strålande fagdag levert av Timik, og Askild Vatnbakk Larsen spesielt. Veldig hyggelig å treffa mange kjente løparar og bransjefolk ellers.

Fagdagen tok for seg både måling av V02maks og laktatprofil. Mykje repetisjon, men også mange gode og nyttige innspel frå Askild.

Dagens viktigaste læring (påminning) er at ein brukar laktatmålingane i tillegg til eigen kjensle på treninga. Og at eigen kjensle trumfar målingane. Spesielt på enkeltøkter, men også over tid.

Her føler eg at eg allereie har gjort mykje rett. Lytt til kroppen har alltid vore eit av mine motto til dei eg trenar og coacher.

I løpet av dagen fann eg også ut at min praksis med å vaska fingeren med alkohol-serviett før stikket, kunne vera årsaken til ein del av feilmålingane eg har opplevd. Så heretter vert det heller tørking av sveitte med tørrserviett før stikket i fingeren.

Eg vart også tipsa om litt grunnare lansett til sjølve stikket. Noko eg i grunn allereie har gjort tiltak for i neste bestilling av lansettar.

Så får me sjå korleis vegen vidare vert. Håpar å høyra i frå deg på Instagram eller Strava, eller gjerne sjå deg på ei «Vegen mot VM»-økt på Naardic.

Svaret på om den norske modellen er ein suksess for underteikna, er for tidleg å gje. Men eg føler at motivasjon og framgang går hånd i hånd.

Stao pao!