«I løpet av denne perioden plukkar eg opp at Kipchoge har vunne for Berlin maraton for 5. gong. Heldig er han som er i mål. Her er det fortsatt mykje jobb som må gjerast, og bein som må flyttast. Om enn litt mindre elegant.» Her kjem løpsrapporten frå Berlin Marathon.

Start

Me labbar opp til Brandenburger Tor i god tid. Eg har posen full av byttetøy, så den må leverast. Den gamle buksa og gensaren frå Mykjemeir skal eg beholde heilt til eg går inn i startpulja. Så håpar eg nokon andre får nytte av dei gamle klea etter løpet.

Odd Ivar og eg skil lag rett utanfor inngangen. Det må vel varmast litt opp også. Men denne gongen vert det veldig lite. Ein knapp km med nokre korte drag. Samt nokon løpedrills. Eg treff Pål Erik som denne gongen SKAL under 2.30. Eg har vore sikker på at han skulle gjera det to gonger før, og i dag ser han sterk ut.

Det er trengsel inn til startpulje A. Folk snur og går tilbake. Porten er ikkje open. Eg havnar bak toaletta saman med ein gjeng andre. Tre engelskmenn i like drakter, meinar dette ikkje kan vera vegen inn, mens eg forsikrar dei om at me er like i nærleiken av pulja vår. Engelskmennene har tenkt å springa sub 2.35 i dag. Det er nok litt for fort for meg, sjølv om standarden alltid ligg mellom 2.33-2.36. I dag skal det oppnast litt seinare tog mykje meir kontrollert.

Inne i startfeltet vekslar eg nokre ord med Jann Post, og møter på eit anna kjent ansikt. Han presentere seg som Espen, så dette må vera han som tok kontakt på Instagram og ville vera med meg ut frå start. Eg slår meg til ro med det. Han ser jo så kjent ut.

Så det store augeblikket! Presentasjonen!

Høfleg applaus for ei tysk dama og dei antatt to beste kvinnelege løperarne. Applaus for beste tyske mann og den nest beste mannlege løparen i feltet.

Så bryt jubelen laus! Eliud Kipchoge! Kongen av maraton! Eleganten med smilet! Eg er begrensa fanatisk oppteken av generell løping, men her reiser alltid nakkehåra seg. Det er ikkje i mange idretter ein kan dela arena med DEN største.

Rett der borte, 15-20 meter lenger framme, står han klar for å starta mot sin femte seier i Berlin. Kanskje til og med mot ny verdsrekord. Forholda er iallfall gode nok. Nokon syns det er varmt, eg frys litt i singlet og tynn shorts. Men rosa armsleeves gjev meg ekstra varme og tryggheit for at dette skal gå bra.

Kongen sjølv. Foto: Luciano Lima/Getty Images

Fyrste 5 km

Startskotet går og eg er klar for endeleg å koma i gang. Men ingenting skjer. Iallfall nesten ingenting. Eg står nok litt lengre bak i pulje-A enn tidlegare år, så det går lengre enn tid enn vanleg før me byrjar røra på oss. Det gjere jo ingenting. Tida startar når me passerer starten.

Men eg har lyst å koma av gårde og bli ferdig. Og der er den. Startstreken. Klokka startast og blikket vert retta framover.

Det er nesten som eit vårslepp av hestane på enga. Bortsett frå at hestane her ha to bein og underlaget er tysk massiv asfalt. Heldigvis er starten i Berlin brei.

Eg legg meg ved sidan av Espen og held fokuset for å finna plassen og farten eg ynskjer. Fyrste km vert passert samstundes som autolapen på klokka seie 3:36. Ein del raskare enn planlagt, men lett. Neste km like såg. Klokka pip 3:38 litt før passering, men kun eit par sekund. Beina flyt bra og kroppen kjennes ok. Eg bestem meg for å springa på følelse og berre sjekka klokka skikkeleg kvar femte km.

5 km vert passert på 18:12.

Andre 5 km

Espen virkar uforskamma lett til beins, og eg spør om han ikkje syns det går for fort. Planen var jo 3:45 pr km. No viser klokka snitt på 3:37, mens 18:12 tilsvara 3:39 pr km. Slik er det forresten alltid i Berlin. Klokka stemmer aldri på snittfart, så du må rekna 2-3 sek å gå på i forhold til offisiell tid i mål. Denne dagen skal det også visa seg at klokka viser 42,65km ved målpassering. Dette er også heilt vanleg, sjølv om ein forsøker springa kortaste veg til mål.

Espen melder at han spring på watt og har full kontroll. Eg har også full kontroll, og tenkjer at han dermed kan styra løpet sjølv. Eg finn raskt dei tre engelske karane frå bak dass. I matchande drakter med raude og kvite vertikale striper. Queens Park Harriets. Av erfaring er engelskmenn gode på paceing, så eg heng meg på. Glimtar på klokka og trykker manuelt dei gongene klokka pip lenge før km-passering. 3:40, 3:33, 3:37, 3:33, 0:16 0g 3:38.

10km vert passert på 36:29 og ein 5km på 18:17.

Foto: Getty Images

Tredje 5 km

På forrige 5km fekk eg besøk av Thomas som eg helste på ved start. Han og to kompisar skulle springa 2:33. Han heng seg på engelskmenna eg tipsa han om. Eg spring mitt eige løp.

Dei sig litt i frå. Eg hentar dei inn. Føler at eg spring jamnt og kontrollert, men syns denne 5km er litt tung mentalt. Allereie?. Fokuset vert på å ta gel etter planen. Kvar femte km no i starten. Og litt drikke må hentast på kvar drikkestasjon. Av og til ein kamp, men som regel går det bra. Så langt framme er det mykje drikke og fokuserte frivillige som strekker ut hendene.

Dei harde koppane på fyrste drikkestasjon er heldigvis bytta ut med plastkopper. Ja, eg veit eg burde vera meir miljøbevisst, men dei fyrste koppane var håplause å drikka i frå. Og no får miljø vera miljø. Eg forsøker iallfall treffa søppelbøttene med dei koppane eg får tak i. Etter nokre små slurker her og der. Bommar som regel, men jublar då eg treff etter omtrent 15km. Håpar nokon såg blinken.

15km vert passert på 54:39 og løpets raskaste 5km på 18:10. Kanskje det hjelp å ha det litt tungt mentalt. Kanskje det skjerper innsatsen. Bring it on!

Fjerde 5 km

Denne hugsar eg ikkje så mykje i frå. Bortsett frå ein løpar frå Watford som forsøker stjela plasseringa eg har på den blå maratonlinja. Han spring ujamnt og ser på klokka si kvar tiende sekund. Fokus mann! Fokus!!

Espen er ikkje å sjå, men Thomas kjempar vidare i rygg på tre raud/kvite humlene der framme. Dei får berre springa på. Eg spring mitt løp. Og det går langt fortare enn plan og forventning, Kor lenge kan dette holda?

20km vert passert på 1:12:59 og ein 5km på 18:20. Eg har ikkje starta rekna tider endå, men snittfarten på klokka er 3:36. Så fort har eg aldri snitta så langt uti eit maraton før. Iallfall ikkje sidan Berlin 2018.

Foto: Luciano Lima/Getty Images

Femte 5 km

Spenninga på passering halvvegs er stor. Kor fort har det gått? Klokka mi seie 1:16.58. Den offisielle seie seinare 1:16.55. Det er jo fart til 2:33. Når kjem smellen?

Den tilsynelatande yngste engelskmannen sig bakover. Han har ikkje lenger det fantastiske steget hans. Makan til hælløft har eg sjeldan sett halvvegs i eit maraton, såpass langt bak i feltet. Men det har kosta for mykje for han, som så mange andre. Så eg tek til takke med mitt eige steg der hælen knapt passerar ankelhøgde. Spring med den kroppen du har! Eit viktig motto når ein alltid er misfornøgd med dei offisielle maratonbilda. Ofte kan eg sjå både T-rex, John Cleese og Steve Wonder på eit og same bildet. Ingenting for familien i julegåve, så dei pengane vert alltid spara.

25km vert passert på 1.31.13. Ny 5km på 18:14. Eg syns ikkje dette kostar så mykje som det burde. Men det er lenge att. Me er i Berlin og sjølv om året er 2023, kan Muren dukka opp rundt neste sving.

Sekste 5 km

Igjen ein 5km utan dei store minnene. Farten er jamn, og det er alltid deilig å passera dei 30 fyrste km. Det føles som «hvetebørsdagane» er unnagjort og jobben kan starta liksom. Eg startar skimta Thomas rett der framme. Han har vore ein tur litt lengre i feltet. Ser ut som han angrar litt på det akkurat no.

Eg får uttelling i løypas einaste utdeling av gel. Ein Maurten-gel som eg sjølv har sju stk av i beltet ved start. Eg har starta vika unna planen om kvar femte km, men uansett godt å få ein ekstra. Trur det er tre til i beltet fortsatt. Den eine med koffein. Eg er usikker på om eg skal ta sjansen på den. Uansett er det snart fånyttes med koffein sidan det kun er rundt 40 min att av løpet. Forhåpentligvis.

30km vert passert på 1:49:32 og denne 5km går på 18:19. Eg trudde farten hadde dabba. Er det håp for negativ splitt også? I så fall er 2:33 sikra.

Sjuande 5km

Thomas kjem ned og forsvinn bakover. Reknar med han ligg i ryggen og kosar seg til spurten. Held me dette tempoet, får han 2:33-løpet sitt.

Eg ser ei drakt frå Undheim IL. Kanskje det er Risa? Den 76-modellen eg som regel kjempar med om beste maratontid i året. Sama kan det vera, eg er på veg til å ei overraskande god tid. Kva andre gjere, får eg ikkje gjort så mykje med.

Ved 32km får eg overlevert ei flaske Powerade frå ein som skreiv til meg ved ein feiltaking dagen før. Tommy held ord og står der i den raude vindjakka. Det vert kun 2-3 små slurkar, men spenninga opp mot 32km og gleden av flaska er viktigare enn sjølve innholdet.

I løpet av denne 5km klokkar autolapen inn 3:24. Eg skvett til, men ser at det er langt til km-skiltet. Trykker manuelt og reknar ut at km gjekk på 3:36. Litt ergeleg, men sikkert ikkje så dumt.

I løpet av denne perioden plukkar eg opp at Kipchoge har vunne for Berlin maraton for 5. gong. Heldig er han som er i mål. Her er det fortsatt mykje jobb som må gjerast, og bein som må flyttast. Om enn litt mindre elegant.

Eg starta nedtelling av km ved 28km. Lengtar etter neste km-skilt. Dei vert lengre og lengre unna, men heldigvis færre og færre.

35km vert passert på 2:07:46. Ein 5km på 18:14. Det flyt fortsatt på.

Foto: Luciano Lima/Getty Images

Åttande 5 km

No er det kun 7 km og ein langspurt att. Dei to fyrste km går på 3:39 og 3:38. Eg tenkjer plutseleg at eg slepp krampa denne gongen. Ingen antydning. Så herleg! Då kan det kanskje aukast på mot slutten. Sjølv om eg oftast kun har eit gir heile vegen.

3-400m etterpå er det nesten som det knyter seg i høgre legg og venstre hamstring på eitt. Eg tek eit par sjanglande steg. Her må det reagerast raskt. Eg bremser farten betydeleg og unngår at det høgt kraftig til. Kvifor måtte eg jinxa dette? Sjølvsagt ligg krampa på lur på slutten. Og det skal den jo gjera. Viss ikkje har ein ikkje fått ut alt. No må eg vera lur.

Eg vurderar at eg skal køyra safe. Ein stopp med strekking av full krampe tek lengre tid enn 10-15sek tap pr km. Men det er endå nokre km att, så det kan fort bli ekstra minuttar ut av oppbremsinga.

Eg er nøye med å koma meg innom siste drikkestasjoner sjølv om det tek nokre ekstra sekundar. Tredje km på 3:46, fjerde på 3:48 og femte på 3:43.

Passering 40km på 2:26:26 og løpets klart seinaste 5km på 18:40. 20sek bak den nest raskaste. Men beina heng på og musklane er så langt fortsatt på mi side. Ein tjeneste tilbake, ettersom eg lot dei få jobba litt lettare for nokre km sidan.

Innpsurten

No er det berre å løfta blikket og speida etter Brandenburger Tor. Men den ligg endå langt i det fjerne, så blikket går fort ned i blåstripa att. Det gjev ikkje ein meir elegant løpestil, men her vert det ikkje delt ut stilpoeng. Eit bein framfor det andre utan at krampa kjem tilbake.

Den rette strekka mot Brandenburger Tor er lang. Eg passerer tydelegvis ein kjendis. Publikum jublar og ein haug fotografar er inne i løypa og filmar dansen hans. Eg har ingen planar om autografjakt og sig vidare.

Bakken opp mot porten er brattare enn den var på befaringa i går. Men langt der framme står det Ziel. Kor langt fram er det? Når skal spurten starta? Kva spurt? Prøv å hugs at det er kamera ved målpassering.

Armane vert brukt flittig utan at farten går noko særleg opp. Klokka der oppe viser fortsatt 2:34, og eg har noko å gå på i frå den seine starten. Her er det god margin opp til 2:35 og 2:33 rauk med krampantydninga på forrige 5km. Her kan ein fint berre gli i mål på den tida det vert. Kamera er gløymt og nok ei gong kan uttalige bilder gå rett i søpla. Eg som trudde eg var hjulbeint, er plutseleg kalvbeint på begge sidene. Her må det igjen finnast andre julegåver til familien.

Mål

Eg forsøker leggja meg ned, men får raskt beskjed om å koma meg opp. I Berlin er det orden og effektivitet, men mindre smil enn i Valencia i desember. Eg tek hintet. Stablar meg opp og startar på vegen mot den alkoholfrie Erdinger`en og utleveringa av utstyr. Treff på Pål Erik som har klart målet sitt. Stort og fortjent grattis! Ingenting er betre enn å nå noko ein har jobba knallhardt mot.

Eg har også meir enn nådd dagens mål! Eg bukkar djupt. Iallfall trur eg det. Får stolt medaljen kring halsen og støttar meg bortover asfalten.

Plutseleg tek følelsene litt overhånd. Eg har sprunge fortare ei gong før. For fem år sidan. Men dette vart heilt uventa. Den gongen hadde eg håpa på endå raskare. Eg er ikkje redd for å grina litt, men klarar så vidt holda tilbake.

Eg takkar nei til Erdinger´en, men lovar å koma tilbake når eg har gått rundt hjørnet og henta posen min. Det tek litt tid. For som alltid treng eg hjelp å få av skoa. Ikkje kjem eg ned til lissa, og ikkje får eg løfta kneet slik at foten kjem opp på kantsteinen. Etterkvart tek nokre kvinnelege funksjonærar hintet og ber ein mann hjelpa meg ut av skoa. Eg er fri. Fri som fuglen. Men utan vinger eller anna evne til å bevega meg særleg rask i lendet. Verken på land eller i lufta.

Resten av dagen

Odd Ivar ringjer. Han er komen i mål på 2.53. For ein mann! For to veker sidan låg han på sjukehus etter eit stygt fall på sykkelen. For to dagar sidan vart han spidda med nåler for å løysa opp eit pakka lår. Eg hadde brukt ein kvar anledning for å ikkje reisa til Berlin. Og iallfall det han har vore gjennom.

Han innrømte også at han var nære på å snu på veg til Gardermoen denne gongen. Og så joggar han inn på 2.53. 54 år gamal. Og draumen om dei seks store er i rute. Dette klarar du fint, gode mann, og takk for hyggeleg selskap på turen!

Etter å ha oppdatert Instagram og Facebook. Med både banning og sjølskryt, får eg snakka med jentene heima. Dei et is på brygga i Tønsberg. DET såg godt ut. Snart skal eg fråtsa i alt eg måtte ynskja. For det er ein av fordelane med å vera ferdig. Alt ein vil kan inn i gapet. Som oftast vert det mykje mindre enn fyrst tenkt.

Eg sender ein melding til Espen for å høyra korleis det gjekk med watt og tid. Han melder om 2.38 og ti sekundar bak pers. Men skriv at han ikkje såg meg ved start. Eg skjønar lite, før det går opp eit lys. Dette må vera ein annan Espen enn han eg starta saman med. Men denne Espen er godt nøgd med løpet og at han ikkje starta i 3:36-tempo tidlegare på dagen.

Etterkvart vert det endå lysare. Espen eg helsa på, som var så kjent. Han var kjent frå Berlin 2017 då eg åt middag med han og den spreke faren som vann M60-klassen det året. Det var derfor han kjente meg ved start. Her var det berre å senda melding og beklaga til Espen 1 for at eg ikkje kjente han, og Espen 2 for at han måtte klara løpet sitt ålaina. Begge var nøgde med løpet sitt og tilga meg raskt.

Hyllest til «I det lange løp»!

Før avreise til flyplassen var eg så heldig å få vera med over 100 andre løpeglade nordmenn på innspelinga av den siste episoden av podcasten I det lange løp. På grasplenen i Teirgarten vart Jann og Kristian fortjent hylla. For ein innstas den duoen har lagt ned for norske løparar dei siste åra.

Kven skal no vera med på langturene framover? For langturar vert det aldri slutt på. Sjølv om dette i grunnen var planlagt å vera min siste raske maraton. No er allereie tankane over på neste maraton. Kanskje allereie i år? Eller endeleg London i 2024? Eller VM Masters i Australia i sept, som alternativ til 50-års jubileum i Berlin ei veka eller to seinare. Kven veit.

Det kjem alltid eit løp!