Her kjem historia om eit eventyr i Budapest! Fullt av opplevingar, stemning og møte mellom likesinna menneske frå 33 ulike land!

Denne teksten inneholder annonsørinnhold

Det er ikkje ofte eg brukar vekkarklokke, men onsdag 23. august ringte den kl. 05.00. Dagen for avreise Budapest var endeleg komen. Friidretts-VM i Budapest og International Meeting for Asics FrontRunners med 150 stk frå heile verda!

Ein rask dusj, litt frukost og litt pakking seinare, sto skyssen utanfor. Cathrine, aka @catwal på instagram, og sjåføren/ektemann Thomas, som skulle få oss av gårde på 06.10-toget frå Tønsberg stasjon.

Etter ein saumlaus togtur, kom me fram på Gardermoen. Der venta det to stk Maritas på oss. Den eine rett frå ei lang reise på nattoget frå Bergen, og den andre relativt fresh med flytoget frå Oslo. Slik er det når ein bur sentralt og får sova litt lenger på morgonen.

Flyturen gjekk raskare enn planlagt i medvinden nedover Europa. Ein medvind som brått snudde då me møtte den forhåndsbestilte Airbnb-riden vår. Eg forstår fortsatt ikkje korleis karen med hestehale klarte å få fire personar med full bagasje inn i den vetle Audi A3-en sin. Du kan kanskje forstå korleis han gjorde det, det utifrå det neste bildet.

Airbnb leilegheiten som skulle husa oss natta, eksisterte faktisk. Og svarte til forventningane. Cathrine tilbaud seg å liggja på sofaen, men som den gentleman eg er, fekk ho i staden dobbeltsenga. Ein gjennomtenkt plan å vera grei, ettersom eg visste eg trengte goodwill når det skulle jobbast hardt med fotografering og SoMe-posting utover veka.

I motsetning til Gjert, fekk me henta akkrediteringa saumlaust på avtala hotell. I tillegg fekk me rørt litt på tunge bein etter flyturen. Det var også eit fint høve til å bli kjent med varmen i byen. Godt over 30 grader. Og det skulle bli varmare.

Etter ein rask dusj, og litt lunsj, hoppa me på ein utøvarbuss til stadion. Fantastisk med akkreditering som gjev deg høve til å reisa på same buss som dei raske damesprinterane til Polen. Men i motsetning til resten av bussen, slapp me ikkje inn på oppvarmingsbana ved endestoppet. Så me måtte gå Kanossa-gang tilbake til VM-stadion for å rekka fram i tide til det byrja.

På grunn av den laminerte lappen rundt halsen, slapp me heldigvis unna alt av kø , og kom oss raskt inn på rad 7 på stadion. Fantastiske plassar i starten på oppløpet! Her dukka også leiargruppa til Asics Frontrunner opp på naboseksjonen. Så eg fekk endeleg helst på David The Boss!

Kvelden vart ei blanding av følelsar med tre norske medaljar. Litt skuffelse då Jakob ikkje vann, stor overrasking då Narve nesten vann, og ekstase og sår hals då Karsten susa rett forbi oss og inn til sitt tredje VM-gull på 400 m hekk. For ein mann! For ein prestasjon! For ein kveld!

Etter siste løp gjekk me på litt utøvarjakt, og enda opp med ein del gjeve medaljar også her.

Mest nøgd var nok Bakkali som fekk vera med catwal og meg på selfie då han ikkje slapp inn i VIP-loungen.

Mens mest overraska var vel Alnæs då eg plutseleg var på fornamn og ropte: «Leeiiifff, kan eg få ein selfie!!!!» Han trudde nok det var nokon kjente som ropte. Ellers tvilar eg på at han hadde teke seg bryet med å snu midt i trappa for så å gå opp att og ta bildet med ein halvgalen 46-åring, med stjerner og beundring i augo.

The Social Experiment

Torsdag morgon fekk eg meg ein fin morgonjogg langs Buda-sida av Donau. Ned til stadion og tilbake. På skyggesida av den ein gong så blåe elva. Ikkje mykje som minnar om «An der Schønen blaue Donau» i dag. Men ein fin tur.

Deretter kom me oss til D8-hotellet. Hovudkvarter for samlinga vår. Me fekk tidleg innsjekk og kunne bruka tida fram til fyrste arrangement til å sjå oss litt kring.

Me fekk besøkt Asics House, og helsa på eit utal nye fjes. Det vart tidleg klart at ein kunne gløyma å hugsa namn på alle. Men veldig artig å helsa på likesinna aktivitetsglade mennesker i alle uttrykk, formar, kjønn og personlegheitar frå heile verda. For ein gjeng med energi!

Etter lunsj var det fotoshoot på torget i byen. Ei varm, men artig oppleving. Sjølv om dette er langt utanfor mi komfortsone.

Midt på torget dukka også ei tidlegare sambygding opp, i Anna Margrete Tråve. Seinare i veka vart ho nummer to i sin klasse på masseløpet som vart arrangert. Kun slått av historiske Rosa Mota. Spreke lærdøler er det alltid kjekt å treffa. Uansett kvar ein befinn seg i verda.

Kl. 17 sprang me avgårde til starten for Shakeout Run with a twist. Det var mange teoriar om kva tvisten var. Men ingen hadde nok rekna med at det var politieskorte som var tvisten. Tre politimotorsyklar med blålys bana veg og stengte av ei av hovudfartsårene midt i Budapest, slik at 150 løpeglade Asics-entusiastar kunne springa smilande og syngjande midt i vegen.

Halvvegs vart det også eit mini rave-party med DJ og dans. Her fekk ein raskt sjå kven som hadde rytme, og kven som hadde fornuft til å skjula manglande rytme. Ein kan vel seia at den sør-europeiske delegasjonen gjekk seirande ut av dansedelen av shakeout-runnet. Men me skulle koma (litt) sterkare tilbake seinare i veka.

Kvelden vart avslutta med ein buffeet på Asics House. Sjølvsagt klarte eg ikkje stoppa då eg burde, så eg trilla nesten tilbake til hotellet med magen full av godsaker. Hovudet var like fullt som magen. Med inntrykk og hyggelege samtalar med nye menneske frå heile verda.

VM for Asics Frontrunners

Laurdag vart me skyssa med båt til Margaret Island midt i Donau. I 35 graders varme vart me guida gjennom ulike disiplinar av amerikanske og hollandske coacher.

På programmet sto lengdehopp, 100m, 400m, kulestøt og 4x100m.

Underteikna var på førehånd fullstendig klar over sine begrensningar på nokre av disiplinane. Iallefall trudde eg det. Men det visste seg at fullstendig manglande innsats med spenst dei siste åra, hadde gjort større innhogg enn frykta. No kan eg unnskylda meg med prolapsen i fjor, men det får vera grenser på neglisjering. Dette må takast tak i etter Berlin maraton i haust.

Etter 3 middelmådige lengdehopp, meinte ryggen det var nok. Og etter nokre få forsøk på å koma ned i utfordrande startblokker på 100m, berga eg truleg begge hamstringane ved å holda tilbake på det andre startforsøket.

Kulestøt og trening på vekslingar gjekk tåleleg bra. Medan 400m hadde nok vorte meir interessant, men det fekk me ikkje høve å trena på. Noko som kanskje var like greit ettersom feilrekning av lunsj til 150 solvarme og skrubbsvoltne idrettsfolk, gjorde at det kun vart drikke til lunsj for meg. Litt lite energi for langspurt på 400m då.

Etter lunsj skulle dei forhåndsinndelte laga konkurrera på alle distansane. Eg inntok ei meir delegerande rolle. Mest for å sleppa unna dei tøffaste øvelsane.

Team 7 starta bra med seier i dameklassen på 100m og 2.plass på 100m for menn. Eit nytt sprinttalent frå London vart avdekka i Bilal, og greske Fontini visste seg å vera ei stjerna som kunne brukast på mest alle distansane.

Seier i herreklassen på kulestøt ved vår serbiske venn, Kosta. Tredjeplass på lengdehopp i dameklassen. Herleg innsats i dei motsatte klassane. Alt dette førte til at Team 7 låg godt an før 4x100m og 400m.

4x100m skulle gjennomførast av to damer og to menn. Vår sør-afrikanske venn Dave hadde veldig lyst på 2.etappe på stafetten. Men ettersom lengdehopp pågjekk samstundes med kvalifiserings-heatet, fekk eg sikra at me stilte med ei brasiliansk stjerne i staden. Eduardo.

Og stjerne skulle han bli. Og sjå massevis av.

Han hadde nok gløymt alt me lærte på stafett-vekslingstreninga. Eller noko hadde gått hus forbi i oversettinga. Dermed såg han bakover for å få tak i pinnen, noko som viste seg å vera dumt i ytre bane. Stjernene kom like fort som el-skåpet utanfor ytre bane. Han fekk pinnen. Snudde seg. Og sprang rett inn i sikringsskåpet. Han mista sjølvsagt pinnen og all fart. Men heldigvis ikkje retningssansen. Så etter ei stund fekk han veksla med neste løpar, som saman med ankermann, berga finaleplass etter ei rå opphenting.

På 400m gjorde Margaret frå Polen og Dave frå Sør-Afrika strålande løp frå ytre bane. Sjølv om Dave i heat to missa den totale seieren med 3 hundredelar etter å ha fiksa på caps og bremsa arrogant ned på oppløpet. Han gløymde at nokon hadde sprunge raskt i fyrste heat, og at beste tid vann.

Ettersom båten heim frå Margaret Island var sein, sprang eg heim med Cathrine og Tommi frå det svenske laget. Ein varm og fin tur, men innlagt halvliter-pause hjå fire glade nordmenn på ein benk langs Donau.

Dagen vart avslutta med Black Hat-party og god stemning. Nok ein sjanse til å visa innlærte dansemooves frå yngre dagar. Utan at den nordiske delegasjonen dominerte dansegolvet fullstendig, var det heilt klart utvikling å spora. Såpass at våre to Mar(ger)itas valgte den siste bussen heim, i staden for å gå heim med den eldre garde rett over midnatt.

Maraton-laurdag

Laurdag vart det høve å trena stemmebånd i cheeringzone på dame-maraton. Stor stemning og imponerande innsats på begge sider av sperringane til løypa. Heilt utruleg å sjå utøverane så tett på, og beundringsverdig prestasjonane i over 30 graders varme. Men eg må seia at innsatsen på heiinga også sto til 20 i stil.

Resten av dagen sto til eigen disposisjon. Og då var det liten tvil om kva ein finn på i 36 graders varme.

Den norske kvartetten tok med seg to frå Romania og og ei frå Hellas og jogga til Margaret Island. Her fekk kvar enkelt springa 1-2 rundar i den 5-6km lange løypa rundt øya. Her har dei lagt tartandekke. Noko som burde vore ein ide i andre storbyar i Europa også. Eller kanskje langs Semslinna her i Tønsberg. Eg gjev gjerne stemma mi til det partiet som tek dette inn i partiprogrammet sitt før valget i haust.

Laurdag kveld var me tilbake på VM-stadion og fekk sett stor idrett på nært hold. 5000m for damer med sine elegante afrikanske løperar. 800m menn med høgt nivå, sjølv om Rodal sin OL-tid var betre. Stafettar på 400m og 100m.

Og sist men absolutt ikkje minst, svenskane sin yndling Duplantis. Sjeldan eg unnar svenskane suksess, men eg syns Araia, Tommi, Jesper og resten av den svenske delegasjonen hadde godt av litt svensk suksess no som Norge stort sett dominerar alle idrettar i verda.

Lang heimreise

Søndag var det tidleg frukost og avreise flyplassen i god tid før flyet skulle gå kl.10. Ein trøtt gjeng fulle av inntrykk og opplevingar stappa seg inn i maxi-taxien. Etter avskjed med resten av gjengen ved gate, gjekk litt av lufta ut av oss. Det tek på å ha det så intens å mange dagar i strekk. Iallefall for dei av oss som også likar tid for oss sjølve og ikkje er vande med seine netter, konstant kommunikasjon og fordøying av store augeblikk.

Men er det ein ting som er sikkert så ville eg aldri bytta bort denne enorme opplevinga, og eg er evig takknemleg for det eg har fått vore med på i Budapest.

Som eg skreiv på instagram, er eg vanlegvis eit einmanns-team. Men denne veka var eg del av eit norsk team, eit nordisk team, team 7 og ein enormt verdsomspennande Asics FrontRunner-team!

Takk!!