Kven er eg?

Dette debut-innlegget er meint som ei bakgrunnshistorie om mitt voksne liv som løpar. Slik at kvar enkelt vert litt betre kjent med mi reise så langt, og kva eg filosofi og verdiar eg har som løpar. Etterkvart vert nok dette krydra med hendingar frå livet generelt og ein del tips som ein evt kan ta med seg vidare om det passar seg slik.

Frå ein nydeleg tur langs Kongevegen og Filefjell. I bakgrunnen ser du stigninga opp Vindhella.

Sein start som løpar

Rett etter fylte 30 år deltok eg i mitt fyrste løp med startnummer på brystet. Eg er usikker på om det var 30-årskrisa eller ei, men eg vart iallfall påmeldt Oslo halvmaraton i 2007. Målet var å sjå om eg klarte springja heile distansen.

Gleden var stor etter ei flott løpsoppleving i Oslo sine gater, og i tillegg klokka eg inn på 1.29.55. Mestringskjensla var såpass stor at det raskt vart påmelding på same distanse året etter. Kven har vel ikkje opplevd det same?

Målet på halvmaraton året etter vart satt til sub 1.24, eller den magiske 3.59 pr km. Trening gjekk stort sett som den skulle, men utover vinteren virka målet heilt uoppnåeleg, og påmeldinga vart endra frå halv til heil maraton, slik at eg slapp springja så fort.

Eg visste at eg alltid hadde vore ganske uthaldande på fotballbana og ville testa om eit maraton var mogeleg.

Maratondebuten i 2008 enda med 3.01 og ein enorm opptur med pers på halvmaraton med passering på 1.29.54!

Dette var heilt klart eit tilfelle av Runner’s High-kjensle, og her kan ein trygt seia at livet mitt som løpar verkeleg starta.

For det er nok det eg har definert meg som etter fylte 30 år. EIN LØPAR!

Ikkje ein løpar med spesielt stort talent, ikkje med veldig godt uthaldenheitgrunnlag frå tidleg og sein ungdom, ikkje eit spektakulært løpesteg, men ein LØPAR frå hjarta.

Ein dag utan løping er nesten blitt ein dag utan meining. Iallefall til eg no har byrja med ein påtvungen kviledag i veka.

Stadig lengre

Kort summert dreia dei neste åra seg om persing på maraton, samt å testa lengre distansar for å sleppa å springja veldig fort.

Maraton sub 3timar vart jo raskt eit mål, og vart oppnådd i mitt tredje maraton (2010) etter eit hasardiøst forsøk i maraton nr 2, der eg ikkje kom til mål pga altfor rask opning. Deretter vart det 75 km og 76 km på eit par 6-timarsløp, og 212 km på Bislett 24-timars.

Alt dette oppnådd med filosofien: STADIG BETRE UTAN Å TRENA ALTFOR MYKJE!

I denne perioden var nok prosentandelen harde økter større enn det som vanlegvis vert anbefalt. Likevel unngjekk eg løpeskadar, noko eg tileignar jobben min som personleg trenar.

Som personleg trenar vert det mykje styrketrening og eg likar å seia at eit sterkt karosseri er viktig for å kunne springja så mykje som ein vil, og for å unngå skadar. Eit tilleggsmål desse åra, har vore at alle persar skulle setjast samstundes som eg klarte 100 kg i benkpress, for å holda allsidigheten ved like.

På veg Tønsberg-Lærdal etter eit tapt «veddemål». Her har eg passert Flå etter omslag 21 timar, og nærmar meg 200 km. Turen enda etter 228 km rett forbi Gol pga ein skade, men Aktiv Mot Kreft mottok ein god slump med pengar etter turen.

Endra filosofi som veteranløpar i 40-åra

Etterkvart som persane på maraton vart betre og åra gjekk, vart det stadig meir vanskeleg å persa på relativt små mengder løping. Så då eg var komen under 2.40-målet i Berlin 2016, så måtte eg endra eigen filosofi og auka treningsmengden for å bli betre.

Dei 10 fyrste åra som løpar var heilt utan skadar, og eg bygde meg gradvis oppover på mengden frå 2017. Etterkvart kom det nokre små løpeskadar, men bank i bordet har det gått ganske bra også etter fylte 40 år.

Grunnen til dette, meinar eg, er den kontinuerlege styrketreninga. Dette kjem eg nok tilbake til i seinare innlegg.

Er grensa nådd?

Etter fylte 40år har alle maraton gått på 2.33-2.35, på ein mengde pluss/minus 5000km i året. Eg har testa det meste; frå mange korte harde økter i veka, via 2-3 harde økter med lengre varigheit, til 2-3 økter av normal varigheit.

Min konklusjon er at det er utallige vegar til betre form, og at kvar enkelt bør finna den vegen som gjev mest glede og mestringskjensle.

Det viktigaste er at ein beheld gleden over å kunne springa det ein sjølv ynskjer av mengde og kvalitet. For dei aller fleste gjeld det å bli gode på å springja roleg. Då vert belastninga mindre og eg trur ein lettare held på motivasjonen. Så kan ein auka mengde etterkvart og deretter gå vidare til nokre hardare økter.

Kunne ikkje dy meg, då eg sprang forbi dette hotellet :)

Eg gledar meg til å skriva meir om mitt liv som løpar og forsøkja å dela eigne og forskningsbaserte erfaringar på kva ein kan gjera for å oppnå mest mogeleg LØPEGLEDE. For tross alt er det vel det me alle søkjer.